Ny dato for Sørvestmesterskapet blir 26.-27. februar - alternativt tilbud 15.-16.januar


Som følge av gjeldande smittevernsrestriksjonar, blir Sørvestmesterskapet flytta til 26.-27. februar. Dette vil td. vera eit fint høve til å få deltatt i god konkurranse helga før UM inne. Så håper me at begge mesterskap kan gjennomførast som planlagt.

Arrangementet vil snart bli oppdatert i MinIdrett. Utøvarar blir flytta og påmeldlinga blir åpna att. Utøvarar som ikkje kan delta på ny dato melder seg av via MinIdrett eller tar kontakt med oss.

Merk at det blir satt opp eit alternativt tilbud på opprinneleg arrangementshelg 15.-16.januar. Dette inkluderer eit nasjonalt stevne for toppidrettsutøvarar 15.januar. Les meir om dette tilbudet her.